| 3,14LIVE |
KULTURNATT
Fredag 10. september 2021
"RØYST"
vokal improvisasjons performance av Bodil Rørtveit
2 performancer: kl. 19.00 & 20.00
på KUNSTHALL 3,14
Artist, scenekunstnar og komponist Bodil Rørtveit har dei siste åra gjort seg bemerka som ein uttrykksfull, særegen vokalkunstnar med stor stemme. Ho krysser gjerne sjangergrenser frå folkemusikk via klassisk til jazz og improvisasjonsmusikk. Ho ønskar å inspirere og skape tilhørighet og har ei leikande haldning til musikken. Forholdet til naturen står sterkt i prosjekta hennar, og i denne performancen har ho på seg den unike konglekjolen laga til forestillinga RØYST. Ho vil improvisere vokalt med inspirasjon frå utstillinga Irresistible Earth av Rina Banerjee på 3,14 og bruke konglene som lydelementer. Kjolen er designet av Silje Sandodden Kise og sammen med kostymesyer Julie S. Jensen har hun lagt ned over 150 arbeidstimer i denne kreasjonen.
Ho samarbeidar ofte med scenekunstnarar i prosjekta sine, blant anna i plastkonsertforestillinga Sustain (framført på Festspillene i Bergen, og med Bergen Filharmoniske Orkester). Våren 2021 hadde ho premiere på Det Vestnorske Teateret med soloforestillinga "RØYST -eller Bodil sluttar med innestemme". Rørtveit har under pandemien skapt konseptet "Hengekøyekonsert", der publikum lytta til musikken og fuglesang i hengekøyer i skogen. Denne konserten blei vist igjen under Festspillene i Bergen 2021, til gode kritikkar.